Du er her: Hjem / Opplev Grieg / Konserter /

SIGURD SLÅTTEBREKK I SULDAL
23. juni 07

Fredag 29/6 og laurdag 30/6 er det sommarkonsertar i Jelsa Kyrkje og på Kulturhuset i Suldal. Det store trekkplastret er Sigurd Slåttebrekk på klaver.

 Sommaren har slått til, og kva kan vere meir riktig enn å gå på ein
konsert med klassiske tonar i vakre omgjevingar? For tredje gong arrangerast sommarkonserten i Jelsa Kyrkje. I år er arrangementet utvida med ein konsert på Kulturhuset i Suldal.

- Ideen til sommarkonsertane vart fødd for fem år sidan når eg og mannen min fekk besøk av ein entusiastisk venn og kollega frå Israel. Han meinte Jelsa var som skapt for ein musikkfestival, seier Inger Slåttebrekk Orestad.

Det er ikkje tilfeldig valt musikk som blir å høyra på konsertane i Jelsa kyrkje og på Kulturhuset i Suldal. Konsertane startar med Strykekvartett opus 76 nr.2 av Joseph Haydn. Denne er kanskje mest kjend som "Kvintkvartetten" med den svært berømte satsen som kallast "Heksemenuetten". Når ein hører dette forstår ein kvifor den blir kalla dette.

 
Vidare i konserten gjer musikarane sin hyllest i anledning Grieg-året ved å spela Ballade opus 24 av Edvard Grieg. Dette er variasjonar over ein norsk folketone som både er enkelt og flott på ein gong. Avslutningsvis bruser konserten ut i Robert Schumann sin klaverkvintett opus 44, og for å trekke linjene til Grieg, vert ofte Schumann sin klaver- konsert samanlikna med Grieg sin klaverkonsert.

Sjølv spelar Inger Slåttebrekk Orestad bratsj. Med seg på desse
konsertane får ho broren Sigurd Slåttebrekk på klaver, Hans Josef Groth på cello, og Finn Orestad og Robert Mozes på fiolin.

- Me har valt musikk som går rett i fletta på folk, og som treff rett i den norske folkesjela, avsluttar arrangør og musikar Inger Slåttebrekk Orestad.

 

 

 


  
Sigurd Slåttebrekk
 
 
 
 
ARKIV:
29.10.07 Musikerne i Bergen Filharmoniske Orkester er klare for en tre uker lang turné til USA. Mellom 2. og 19. november holder de hele 12 konserter langs USAs østkyst.

22.10.07 30 lærere og studenter ved Norges musikkhøgskole reiser til Berlin neste uke, for å delta under Treffpunkt Grieg, Deutsch-Norwegische Woche 2007.

16.10.07 Sigmund Grovens hyllest til Edvard Grieg utgis snart på plate. Les mer her.

10.10.07 "Med denne poetisk-musikalske forestillingen ønsker noen av de beste utøverkreftene fra Norges musikkhøgskole å skape sin visjon om komponistens bevissthetsstrøm i overgangen mellom liv og død", skriver utøverne om sine konserter 21. og 23. oktober. Les mer her.

03.10.07 8.-10. oktober kan ein ny kammeropera om Grieg opplevast i Kanonhallen på Løren. I dette intervjuet med Det Norske Blåseensemble kan du lesa meir om operaen og om ensemblets øvrige verksemd.

01.10.07 Den russiske journalisten Anna Politkovskaya profilerte seg tidlig gjennom kontroversielle rapporter om menneskerettighetsbrudd utført av russiske tropper i Tsjetsjenia. 7 oktober 2006 ble hun drept i leiligheten sin. Raftohuset, The Human Rights House Network, FIDH og Grieg 07 er enige om at å fremføre Griegs musikk på ettårsdagen for hennes død er en vakker og sterk måte å minnes Politkovskaya, som selv spilte og var glad i denne musikken. Vi oppfordrer alle bidragsytere til å legge sine arrangement inn i kalenderen vår, og til å benytte seg av plakaten som kan lastes ned i denne artikkelen.

17.09.07 Søndag 23. september er det klart for Griegselskapets siste markering i Grieg-året. Sammen med Grex Vocalis og Studio Generations AS arrangerer de da "Alle kan synge Grieg" i Oslo Konserthus.

Gå til arkiv


Klikk her for å få en utskriftsvennlig version av denne siden.Utskriftsvennlig version